Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Spørjeteikn + komma ved sitat?

Spørsmål

Eg ser av og til at forfattarar og andre skriv både spørjeteikn og komma ved sitat, til dømes slik: «Kjem du snart?», sukka Kari. Er dette rett teiknsetjing?


Svar

Nei, slik «dobbel teiknsetjing» er ikkje korrekt. Det heiter altså «Kjem du snart?» sukka Kari.

Om du vel å sløyfe hermeteikna, skal det heller ikkje stå komma etter spørjeteiknet: Kjem du snart? sukka Kari.

Du finn meir informasjon om bruk av hermeteikn på nettsidene til Språkrådet her (under Hermeteikn og andre teikn).

Fant du det du lette etter?