Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Spanskrøyr

Spørsmål

Kvifor heiter det spanskrøyr når treverket i denne reiskapen ikkje stammar frå Spania, men frå strok som Sør-Asia?


Svar

Spanskrøyr er både eit botanisk fagord og namnet på ein prylereiskap som vart nytta i skulen i gamle dagar. Som botanikkord er spanskrøyr nemninga på stengelen på palmar av slekta Calamus, som Calamus rotang. Ordbøkene fortel at prylereiskapen kunne vere laga av slike stenglar, og at rottingstol før kunne heite spanskrøyrsstol.

Stenglar som dette vart i eldre tid innførte frå Spania, og det er nok derfor dei fekk namnet spanskrøyr endå treslaget ikkje voks der. Vi har det truleg frå tysk spanisches Rohr via dansk spanskrør.

Fant du det du lette etter?