Svar
Der vi har veksling mellom -t, -d, og -de i partisipp, er systemet slik:
Inkjekjønn eintal: T
(som etter hjelpeverbet har)
det er dømt
huset er bygt
Hankjønn/hokjønn eintal: D
(som fleirtal minus -e)
ho eller han er dømd
kyrkja eller låven er bygd
Fleirtal: DE
(som i preteritum av verbet)
dei er dømde
husa er bygde
Mønsteret ovanfor skal òg nyttast når partisippet står føre substantiv, som her:
eit dømt menneske
ein dømd mann / ei dømd kone
fleire dømde menneske
Kva skal ein ta utgangspunkt i?
Eit lurt knep er å ta utgangspunkt i sjølve verbbøyinga (infintitiv – presens – preteritum – perfektum). Kan du den, kan du i grunnen samsvarsbøying av partisipp. Sjå her, og legg merke til fortidsformene:
å dømme − dømmer − dømde − har dømt
Sjå fyrst på dømde, som er den tradisjonelle preteritumsforma. Den er tilfeldigivs identisk med fleirtalspartisippet:
Altså: Dei er dømde.
Her står e-en altså for fleirtal.
Sjå deretter på den siste forma i rekkja: perfektum har dømt. Perfektum-forma er alltid identisk med inkjekjønnspartisippet!
Altså: Det er dømt.
Til slutt finn vi partisippet i hankjønn og hokjønn. Metoden er å trekkje frå fleirtals-e-en (eller preteritums-e-en).
Altså: Han er dømd og Ho er dømd.
No kan ein rett nok velje å skrive dømte i preteritum. Då bruker ein berre -t og ikkje -d ovanfor.
Verb med -dde, -vde og -gde i preteritum (som dømme eller berre -d)
Så ser vi på den undergruppa som har -dde, -vde eller -gde i preteritum etter vokal. Dersom vi vel -t i perfektum, får vi nett same systemet som med å dømme:
å byggje – byggjer – bygde – har bygt
det er bygt – han/ho er bygd – dei er bygde
No kan slike verb valfritt ha d-former etter har (har bygd, har levd, har snudd). Vel ein dei, blir det berre d-ar og ingen t-ar i samsvarsbøyinga ovanfor.
Alternativ: forenkla bøying (om lag som i bokmål)
Det er òg mogleg å sløyfe samsvarsbøyinga. Det lyt då gjerast fullt ut, og alle formene skal vere som partisippforma etter har:
dømde/dømte − har dømt > det/han/ho/dei er dømt
bygde − har bygd (bygt) > det/han/ho/dei er bygd (el. bygt)
Det blir her som i bokmål. Har bygt er sett i parentes fordi dei fleste som skriv har bygt, nyttar tradisjonell samsvarsbøying.