Svar
Uttrykket så vidt skal alltid skrivast i to ord på begge skriftmåla. Det tyder vanlegvis ‘akkurat såpass (= så mykje) at ’. Døme: «Det var (berre) så vidt eg greidde det.» Vi brukar det òg i faste uttrykk som så vidt eg veit ‘så langt eg veit’ og for så vidt ‘i og for seg, for den saks skuld’.
I dømet du viser til, tyder det beint fram såpass.
Det er svært uvanleg å bruka så vidt i den sistnemnde tydinga på nynorsk. Det verkar òg nokså stivt på bokmål. Formuleringa i eksamensoppgåva er dessutan på grensa til tvitydig.
Nynorskversjonen av oppgåva er elles full av feil og tvilsame formuleringar: manglande komma, presens s-passiv (meinast med for meiner ein med), teiknet & for og, kor for korleis, være for vere, den for ho/henne og gjere innvendingar til.