Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Risikoar eller risiki?
Spørsmål
Kva er den korrekte fleirtalsforma av ordet risiko? Eg ser at dei i nokre fagbøker om risikostyring bruker risiki.
Svar
Risiko har regelrett hankjønnsbøying i fleirtal:
risikoar, risikoane (nynorsk)
risikoer, risikoene (bokmål)
Dette har vore dei vanlege formene i over hundre år, sjå til dømes i Om Christiania Husforsikring (1866). Norsk Riksmålsordbok førte opp risikoer som den einaste fleirtalsforma i 1947.
Forma risiki, med endinga -i som i italiensk, er altså ikkje korrekt etter norsk rettskriving. På dansk kan det heite risici.