Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Resirkulering, gjenvinning, attvinning, gjenbruk, ombruk og oppvinning

Spørsmål

Kva er skilnaden på resirkulering, gjenvinning, attvinning, gjenbruk og ombruk, og kva heiter upcycling på norsk?


Svar

Om vi held oss til nynorsk og til kjeldene vi har sett inn til slutt nedanfor, kan vi koka svaret ned til dette:

attvinning (= ca. resirkulering)
= ombruk + materialattvinning + energiutnytting

upcycling
= oppvinning

Men det finst andre måtar å dela det inn på, og då kjem ofte gjenbruk inn i biletet.

Alle prefiksa i desse orda (re-, gjen-, att- og om-) står i praksis for det same: om att. Ein kan òg tolka inn ‘attende/tilbake’ i nokre av dei. Men etymologien til kvart ledd i orda er ikkje avgjerande for bruken i dag. Skal ein forstå kva orda skal tyda, må ein sjå korleis dei har vorte brukte dei siste tiåra. Ingen av orda er særleg gamle i norsk, og noko av variasjonen i ordbruken heng saman med tilhøve i engelsk og dansk.

Studer gjerne avfallspyramiden som er sett inn mot slutten av denne artikkelen, før du les vidare.

Resirkulering

Resirkulering er eit vidt omgrep for prosessar som gjer det mogleg å ta produkt/materiale i bruk på nytt slik at det ikkje endar som avfall (bos, søppel) i avfallsdeponi (før kalla fyllingar) eller i naturen. «Sirkelen» det er tale om, er det økonomiske eller økologiske krinslaupet.

Resirkulering kan femna om det meste som er nemnt her, og ligg då nær attvinning i den vidaste tydinga av ordet, men ordet blir òg brukt i trongare tyding om materialattvinning.

Døme på vid definisjon: Resirkuleringsutvalet sin definisjon av avfallsresirkulering frå 1973 og Ordbok for restprodukter og avfallshåndtering frå 1986. Døme på trong definisjon: Wikipedia-artikkelen «Waste hierarchy», der det er skilt mellom recycle og reuse.

Ombruk/gjenbruk

Ombruk og gjenbruk har opphav i allmennspråket, der

å bruke noe om igjen = å bruka noko om att

Som ein ser, byggjer gjenbruk og ombruk på ulike element i det same uttrykket (altså om att / om igjen).

(Ein kan skilja mellom ombruk og sjølve attvinningsprosessen førebuing til ombruk, sjå forureiningslova, men vi legg ikkje vekt på det her.)

Ein kan finna gjenbruk brukt både som overomgrep (= resirkulering/attvinning) og som synonym for det trongare omgrepet materialattvinning. Liknande vingling finn ein i dansk, med genbrug (merk at *ombrug ikkje finst i dansk). Ordet gjenbruksstasjon (om mottak for sortert avfall) peikar mot ei vidare tyding, men femner ikkje utan vidare om sjøve attvinninga. Somme reserverer ombruk for å bruka noko om att på same vis og gjenbruk for å bruka det om att til noko anna.

Men samstundes er gjenbruk og ombruk nytta som synonym i fagspråket. På avfallsområdet finn ein mange stader konsekvent bruk av ombruk, som i forureiningslova og i denne rapporten om sirkulær økonomi frå 2020 (s. 3). På andre område (som IKT) har gjenbruk fått mykje meir feste.

Kva går ombruk/gjenbruk ut på? Ein konkret ting som «får nytt liv» på denne måten, kan vera reingjord og istandsett, men han kan ikkje vera omforma til noko anna. Ombruk er altså eit mindre radikalt og ofte rimelegare tiltak enn materialattvinning, jf. avfallspyramiden.

Attvinning = gjenvinning = ny utvinning

Attvinning (nynorsk) og gjenvinning er reine synonym/ekvivalentar. Grunnlaget er

å gjenvinne noe = å vinna noko att(ende)

Det handlar om å vinna ressursar attende eller å vinna dei ut att, vinna dei ut på nytt, jamfør ordet utvinning. På nynorsk er det betre å bruka det laust samansette vinne att(ende) enn å attvinna, men i partisipp heiter det i alle tilfelle attvunnen, og verbalsubstantivet er attvinning, jamfør til dømes å ta opp (ikkje oppta), men oppteken og opptak.

To former for attvinning er materialattvinning (materialgjenvinning) og energiutnytting (òg kalla energiattvinning eller energigjenvinning eller energiutvinning). I materialattvinninga blir emna oftast brotne ned til andre emne, og ved energutnytting blir dei brende – det er altså berre energien ein vinn ut.

Er ombruk (gjenbruk) ei slags attvinning/gjenvinning?

Ja, både Ordbok for restprodukter og avfallshåndtering (sjå nedanfor) og termbasen til Standard Norge må tolkast slik. Attvinning (gjenvinning) blir då overomgrep over ombruk, materialattvinning og energiutnytting.

Somme skil likevel mellom attvinning/gjenvinning på den eine sida og ombruk/gjenbruk på den andre, jf. ei formulering som «gjenbruk og gjenvinning».

Oppvinning = oppsirkulering

Når ein lagar noko nytt av noko gammalt og det nye har høgare kvalitet eller verdi, kan det kallast oppvinning eller oppsirkulering (engelsk upcycling). Det heng nær saman med omgrepa redesign, omsaum og (kreativ) ombruk.

Nokre utklipp til orientering

1) «Avfallspyramiden» eller «avfallshierarkiet»: