Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Over 20 kuldegradar og liknande

Spørsmål

Viser formuleringa «over 20 kuldegradar» til høgare eller lågare temperaturar enn 20 kuldegradar?


Svar

Det meteorologisk korrekte er å bruka over om høgare temperatur på både pluss- og minussida, altså varmare vêr.

Over svarer til varmare når vi tenkjer på 1 a, 2 og 3 nedanfor.

1 a) tal på plussida (høge tal: varmare)
1 b) tal på minussida (høge tal: kaldare)

2) «temperatur», som i uttrykket «høg temperatur»

3) høgare kvikksylvsøyle på gradestokken

Alt dette går ut på det same – så nær som 1 b. Folk brukar over om høgare tal både på plussida (1 a) og på minussida (1 b).

Fagleg bruk: under = kaldare, over = varmare

På dei gamle gradestokkane med kvikksylvsøyle såg ein at kvikksylvet seig i kulde og steig i varme. Vi snakkar såleis om fallande og stigande temperaturar. I ei setning som temperaturen fell til under 20 kuldegradar ville dei færraste brukt over i staden.

Språkrådet rådførte seg med Meteorologisk institutt om denne saka for mange år sidan. Meteorologane stadfeste at dei brukar over og under som om dei las av ein gradestokk (jf. 3 ovanfor). Språkrådet rår til å bruka orda på den måten i skrift – og i tale når ein legg trykket på preposisjonane over/under.

Folkeleg bruk av over (med trykk på talet)

Likevel har det alltid vore vanleg å seia til dømes over 20 kuldegradar (med trykk på 20) om lågare temperatur enn talet viser til (jf. 1 b ovanfor). Det kan ikkje kallast gale. Det blir stort sett forstått rett, for det er jo sterk(are) kulde som er i fokus. Med ropeteikn etter er det nesten ikkje til å mistyda i skrift heller.

Fant du det du lette etter?