Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Ossetisk

Spørsmål

For nokre år sidan høyrde vi mykje om Ossetia i media. Kva slags språk er ossetisk?


Svar

Ossetisk er det berre om lag 600 000 menneske som talar, og dei som gjer det, høyrer heime i Kaukasus. Dei to hovuddialektane heiter digor eller vestossetisk (mindretalet) og iron eller austossetisk (fleirtalet). Ordet iron tyder både ‘ein ossetar’ og ‘ossetisk’. Landet ossetarane bur i, kallar dei sjølve Iriston.

Eit nordaustiransk språk

Dialektnemninga iron minner mykje om landsnamnet Iran, og det skal vera eit historisk samband mellom dei to orda, for både ossetisk og persisk er iranske språk. Dei iranske språka deler ein inn i nordvestiranske, sørvestiranske, nordaustiranske og søraustiranske. Ossetisk er eit nordaustiransk språk, jamvel om det er eit av dei iranske språka som høyrer heime lengst vest (nordvest). Ossetisk er sterkt påverka av andre språk i Kaukasus som det ikkje er i slekt med, til dømes georgisk. Det viktigaste austiranske språket er pasjto, det eine av dei to hovudspråka i Afghanistan. Persisk eller farsi, som er det viktigaste språket i Iran, er eit sørvestiransk språk.

Indoeuropeisk opphav

Både norsk og ossetisk er indoeuropeiske språk. Det er ikkje lett å sjå at språka er skylde, men her er tre døme som viser slektskapen: Ossetisk arm-arm-i tyder ‘frå arm til arm’, dvs. ‘frå hand til hand’, dwar tyder ‘dør’, og dænd-ag tyder ‘tann’.

Ossetisk er etterkommar etter språket til skytarane, alanarane og sarmatarane, som var mektige iranske nomadefolk nord for Kaukasus alt fleire hundreår før Kristus.

Alfabetet

Den eldste kjende teksten på ossetisk er frå 941 e.Kr. og er skriven med greske bokstavar.

Frå 1844 skreiv dei ossetisk med det russiske (kyrilliske) alfabetet. I 1923 gjekk dei over til det latinske. Dei gjekk attende til det russiske alfabetet i Nord-Ossetia i 1938 og i Sør-Ossetia i 1954. I tida mellom 1939 og 1954 brukte dei det georgiske alfabetet i sør.

Bokstaven æ er eit særkjenne for norsk, dansk, islandsk, færøysk – og ossetisk. Når bokstaven æ står saman med kyrilliske bokstavar, ser det veldig framandt ut.

Her er eit vers frå juleevangeliet på ossetisk og nynorsk (Lukas 2,15):

Зæдтæ сæ цурæй уæларвмæ куы сивгъуыдтой, уæд фыййæуттæ кæрæдзийæн загътой: «Уæдæ фæ­цæуæм Вифлееммæ æмæ фенæм, цы æрцыди — Хуыцау нын цæй тыххæй фехъусын кодта, уый.»

Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.» (Omsetjinga frå 1978/1985)

Fant du det du lette etter?