Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Mellomrom føre C for celsius?

Spørsmål

Korleis refererer ein korrekt til temperaturar (grader celsius)? Er den rette skrivemåten 200°C eller 200 °C? Skal det vere mellomrom mellom talet og gradsymbolet eller ikkje?


Svar

Det kan skrivast 200° eller 200 °C.

Dersom C-en er med, skal det altså vere eit mellomrom etter talet. Bruk såkalla hardt mellomrom, så skil ikkje talet og teiknet lag ved lineskift.

Regelen er altså den same som for prosent: 100 %.

Fant du det du lette etter?