Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Medlemskap eller medlemsskap?

Spørsmål

Skal ein skrive medlemskap eller medlemsskap? Det heiter jo medlemsland, så då må det vel bli medlemsskap?


Svar

Nei, det heiter medlemskap, altså utan nokon ekstra s (binde-s).

Medlemsland er ei samansetning av to sjølvstendige ord: medlem + land. Samansetningar får ofte binde-s, og alltid når medlem er førsteledd.

Medlemskap er derimot ikkje ei samansetning av to sjølvstendige ord, for skap kan ikkje stå på eigne bein. Skap i denne tydinga er berre eit såkalla suffiks, som -het og -else. Når vi legg til eit suffiks, heiter det avleiing. Avleiingar får ikkje automatisk den binde-s-en som samansetningar med same fyrsteledd får.

Somme lurer på kvifor det «likevel» heiter fellesskap med to s-ar. Svaret er at vi ikkje har nokon binde-s her heller, men dei to ledda felles- og –skap. Rett nok kjem felles historisk sett av felle (eldre félagi) pluss genitivs-s, men i dag reknar ein felles som eit sjølvstendig ord.

Fant du det du lette etter?