Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kva er ei språkendring? Døme: sj-lyden for kj

Spørsmål

Korleis skal ein definere ei språkendring? Er det ei språkendring når mange yngre no seier /sj/ i staden for /kj/, t.d. /sjino/ i staden for /kjino/?


Svar

For at noko skal kunne kallast ei språkendring, må det slå igjennom og bli eit varig nytt drag i språket som dei fleste språkbrukarane i eit språksamfunn nyttar. Det må altså vere noko meir enn tidsbundne variasjonar, som t.d. moteord, som går av bruk att.

Sj-uttale der folk før nytta /kj/, kan bli ei språkendring dersom denne uttalen held fram med å spreie seg.

I boka Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk av Mæhlum, Akselberg, Røyneland og Sandøy (Cappelen Akademisk 2003) kan du finne ein utdjupande definisjon av språkendring. I kapittel 10, «Språkendring», drøftar forfattarane m.a. samanfall av sj-lyd og kj-lyd.

Fant du det du lette etter?