Svar
På norsk skriv vi koronavirus med k og med liten forbokstav. Namnet på sjukdommen er covid-19.
Korona
Koronaviruset har namn etter utsjånaden. I eit elektronmikroskop kan ein sjå at viruset har ein membran med små piggar på. Dette kan minne om den ytste delen av solatmosfæren, koronaen.
Ordet korona kjem frå latin corona ‘krans, krone’. Det vart nytta som fagord i norsk lenge før koronapandemien, og vi har skrive det med k i over hundre år. Det bør uttalast bokstavrett, med to o-lydar.
Det koronaviruset som er årsak til covid-19, har i det internasjonale medisinske fagspråket fått namnet SARS-CoV-2, ei forkorting for «Severe acute respiratory syndrome coronavirus 2». Det er vanleg å kalle dette nye viruset koronaviruset i bunden form eintal, sjølv om det finst fleire slag koronavirus. Samansetninga koronavirus er eit vanleg samnamn (fellesnamn) som skal ha liten forbokstav.
Korona blir ofte brukt både om viruset og sjukdommen, og det er greitt til dagleg, men skal ein vere heilt presis, må ein skilje mellom viruset SARS-CoV-2 og sjukdommen covid-19.
Koronaen i bunden form (særleg brukt om koronapandemien/-krisa) vart kåra til årets norske ord i 2020.
Covid
Namnet covid-19 er ei forkorting av «coronavirus disease 2019». Vi tilrår å skrive covid-19 med små bokstavar. Det følgjer same mønster som hiv og sars. Generelt har sjukdomsnamn liten forbokstav på norsk.
Ein kan trygt uttale ordet rett fram, som «kóvid» (med vanleg o); det er ikkje nødvendig å seie til dømes «kåuvidd» eller «kåvvidd».
Du kan lese meir om både koronapandemien og covid i Store norske leksikon.