Svar
Det som står i ordboka stemmer, men du har jo rett i at det er rart. Du kan gjerne sløyfa «av».
Det er ikkje sjeldan at faste uttrykk inneheld stivna ordbruk som snautt finst i daglegspråket elles. I Nynorskordboka står det at preposisjonen av blir brukt i visse uttrykk som omtolking av opphavleg norrønt at eller dansk ad. Døme på dette er uttrykka «gå inn av døra» (= ‘inn gjennom døra’) og «le av nokon» (= ‘mot, til’)
På dansk heiter det «gå ind ad det ene øre og ud af/ad det andet», og varianten med «ad» var vel så mykje brukt som den andre i dansk-norsk på slutten av 1800-talet. Men allerede før 1850 var det enkelte som valgte den korte og logiske løsningen «ind det ene øre». Så du kan trygt skrive «gå inn det eine øyret og ut (eller ut or) det andre».