Hopp til hovedinnhold

Hutaheiti

Spørsmål

Kva er bakgrunnen for ordet huttaheiti? Eller heiter det huttiheita?


Svar

Rettskrivingsordbøkene har skrivemåten hutaheiti med ein t. Bakgrunnen finn vi i Stillehavet.

Ordet er ei omlaging av Otaheite/Otaheiti, som er eldre skrivemåtar av Tahiti. O-en er opphavleg ein artikkel på det lokale språket, altså som the på engelsk eller som til dømes -a i øya på norsk.

Vi har òg adjektivet otaheitisk.

For om lag hundre år sidan gjekk Otaheiti over frå å vera eit verkeleg stadnamn på folkemunne til å bli namnet på ein rein fantasistad. I lærebøkene vart den verkelege stillehavsøya då vanlegvis kalla Tahiti.

Alle desse formene har vore i bruk: hutaheiti, huttaheiti, hotaheiti, hutiheita og huttiheita. Hutaheiti er eldst og mest brukt. Variantene med -heita kan minna om norske stadnamn på -a, og det er nok litt av grunnen til at dei har vunne fram. Det kan òg ha oppstått assosiasjonar til det suffikset -heit for -het (frå dialekt og nynorsk).

Før vart ordet mest brukt om tenkte fjerne stader i utlandet, men det blir mykje nytta om fjerne og grisgrendte strok innanlands, om lag som viddene og gokk.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.