Svar
Det skal berre stå komma dersom det kjem noko rett etter på same line, slik:
Hei, Sara
Hei, alle saman!
Dette gjeld både e-post, vanlege brev og trykksaker.
Utropsteiknet er valfritt i begge tilfelle, og i begge tilfelle skal neste avsnitt innleiast med stor forbokstav.
Det skal derimot ikkje vera komma etter Hei eller andre tiltaleord som står åleine som innleiingshelsing. Det kan ev. stå utropsteikn i staden. Altså til dømes slik:
Hei!
Har du det bra?
eller:
Hei, Sara
Har du det bra?
Legg merke til at teksten etter helsinga byrjar med stor forbokstav.
Dersom framhaldet står på same lina, kan det vera best å setja eit eit skiljeteikn etter namnet, men elles gjeld den same regelen:
Hei, Sara! Har du det bra? / Hei, Sara. Har du det bra? / Hei, Sara, har du det bra?
Fleire tips om språkbruk i e-post kan du finne på nettsidene våre og i Statsspråk nr. 4–2008.