Hopp til hovedinnhold

Hei, hallo og komma

Spørsmål

Skal det stå komma etter Hei, og skal neste avsnitt starte med stor eller liten forbokstav?


Svar

Det skal berre stå komma dersom det kjem noko rett etter på same lina, slik:

Hei, Sara
Hei, alle saman!

Dette gjeld både e-post, vanlege brev og trykksaker.

Utropsteiknet er valfritt i begge tilfelle, og i begge tilfelle skal neste avsnitt innleiast med stor forbokstav.

Det skal derimot ikkje setjast komma etter Hei eller andre tiltaleord som står åleine som innleiingshelsing. Det kan eventuelt setjast eit utropsteikn i staden. Altså til dømes slik:

Hei!

Har du det bra?

eller:

Hei, Sara

Har du det bra?

Legg merke til at teksten etter helsinga byrjar med stor forbokstav.

Dersom framhaldet står på same lina, kan det vera best å setja eit skiljeteikn etter namnet, men elles gjeld den same regelen:

Hei, Sara! Har du det bra? / Hei, Sara. Har du det bra? / Hei, Sara, har du det bra?

Fleire tips om språkbruk i e-post kan du finne på nettsidene våre og i Statsspråk nr. 4–2008.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.