Svar
Engelsk kan ha fått ordet frå gammalnorsk i si tid, men det hadde nok ikkje den påståtte dobbeltydinga den gongen. Dessutan heitte det at fukka med -u- (som rett nok hadde o-uttale).
Det nedarva norske ordet heldt seg lengst i Hordaland, Telemark og Vestfold, som å fukka/fukke (helst uttalt med trong ó). Tydinga var mellom anna å ha sex, truleg med støytinga eller skuvinga att og fram i fokus (jf. å jukka).
Slang-bruken av ordet fuck med ø-, a- og å-uttale og valdelege attåttydingar (jf. to fuck up) er noko nytt som vi har frå engelsk. (På Voss kunne uttrykket det fukkar seg tyda at det lagar (= ordnar) seg; det var altså snarare eit plussord enn eit ord for skade og øydelegging.)
I islandsk er interjeksjonen «fokk!» innlånt frå engelsk fuck i åttiåra og har spreidd seg kraftig. Der òg fanst eit eldre verb med fleire tydingar frå før (fokka ‘pusla; slenga’ o.a.). Det gamle ordet kan ha hatt band til fukka, men etymologien er uviss, og ordet var innlånt etter norrøn tid.