Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Forkorting av «månad» og «månader»
Spørsmål
Kva er rett forkorting av månad? Er det ikkje «mnd.»? Og kva blir forkortinga av fleirtalsforma månader?
Svar
Rett forkorting av månad og månader er «md.».
Forkortinga «mnd.» har vore i bruk tidlegare, men etter dagens offisielle skrivereglar skal forkortinga vere «md.». Den gjeld både for eintals- og fleirtalsforma.
Sjå òg denne lista over forkortingar og symbol i allmennspråket.