Svar
Språkrådet deltok i terminologiarbeidet den gongen desse såkalla livssynsnøytrale nemningane vart innførte i KRL-faget, men Språkrådet har ikkje vedteke at dei skal vere obligatoriske. Det gjeld altså:
før vår tidsregning (bokmål) / før vår tidsrekning (nynorsk)
etter vår tidsregning (bokmål) / etter vår tidsrekning (nynorsk)
Dei tradisjonelle nemningane f.Kr. og e.Kr. er framleis brukande, og det er ikkje rimeleg å rekne dei som forkynnande. Historisk sett er det sjølvsagt religiøse grunnar til at vi har Jesu fødsel som utgangspunkt for tidsrekninga, men spor etter religion er ikkje det same som religion eller religiøs aktivisme.
Ein ukristeleg parallell
Namn og nemningar kan fortelje ei interessant historie utan å vere ei vidareføring av innhaldet i historia. Eit anna døme på det er at vi framleis brukar vekedagsnamn som onsdag og torsdag (etter Odin og Tor). Kyrkjelege krefter arbeidde i si tid for å få bort dei heidenske vekedagsnamna. I mellom anna Portugal og på Island sigra dei, slik at torsdag vart til høvesvis quinta-feira og fimmtudagur ‘femtedagen’.
I eldre norsk folkekultur opererte ein forresten sjeldnare med år etter Kristus. Ein tok i staden gjerne utgangspunkt i viktige ting som hadde hendt lokalt – jamfør uttrykk som før og etter sotta, froståret og feitsildåret.
Nokre veikskapar ved dei nøytrale omgrepa
- Forkortinga evt. er identisk med den gamle forkortinga av eventuelt (no ev.); det kan verke forvirrande.
- Bruken av eigedomspronomenet vår kan fungere like ekskluderande som inkluderande. Alternativet vanleg tidsrekning, som òg har vore lansert (vel etter engelsk BCE, Before the Common Era og CE, Common Era), er kanskje meir nøytralt.
- Hendingar skjer strengt teke før og etter eit tidspunkt, ikkje før og etter ei tidsrekning. Med litt velvilje kan ein rett nok seia at noko som har skjedd før tidsrekninga basert på Kristi fødsel, har skjedd før Kristi fødsel. Det er vanskelegare å få etter til å høve i dette biletet. Men innvendinga veg ikkje så tungt, for før/etter vår tidsrekning er to språklege snarvegar som har vore nytta og godtekne i lange tider. Det gjeld særleg før vår tidsrekning, i mindre grad etter vår tidsrekning (som òg kan tyde ‘ifølgje vår tidsrekning’).
Somme meiner det er ein veikskap ved dei «religiøse» nemningane f.Kr. og e.Kr. at det kan diskuterast kven Jesus var, og når han vart fødd, men same kva ein meiner om den saka, ligg det fast at det historiske utgangspunktet for tidsrekninga er ei førestilling om Jesu fødsel knytt til ei førestilling om at Jesus var Kristus. Dette utgangspunktet endrar seg ikkje om ein vel avleidde nemningar som etter vår tidsrekning. Ein kan altså leggje til denne innvendinga:
- Utgangspunktet for tidsrekninga er framleis (førestillinga om) Jesu fødsel. Namneskifte blir slik sett ikkje ei grunnleggjande endring, men ei tilsløring av grunnlaget.
Vi må presisere at dette ikkje er avgjerande innvendingar. Det heiter seg gjerne at språk er meir enn logikk, og dette tilfellet er ikkje noko unnatak.