Hopp til hovedinnhold

Fleire hjelpemiddel og lækjemiddel

Spørsmål

På mange statlege nettsider kan ein lese om lækjemidlar og hjelpemidlar. Det må vel vere gale?


Svar

Ja, det er gale. Det rette er fleire hjelpemiddel og fleire lækjemiddel.

Inkjekjønnsordet middel heiter middel i fleirtal: eit middelfleire middel, nett som eit husfleire hus. Vi får:

eit hjelpemiddel – hjelpemiddelet – fleire hjelpemiddel – alle hjelpemidla
eit lækjemiddel – lækjemiddelet – fleire lækjemiddel – alle lækjemidla

Ord som (eit) middel ikkje må forvekslast med

Det finst to hankjønnsord som minner om inkjekjønnsordet middel.

Det eine er (ein) midel ‘kapital, formue’. I fleirtal tyder det ‘pengar’. Rett nok kan midlar (pengar) vere nyttige middel, men ein må ikkje blande saman orda.

Det andre er middel ‘gjennomsnitt; middeltal’, som sjeldan blir bøygt med artiklar. Det er det ordet vi har i den gamle genitiven middels. Før heitte det helst medel og medels i nynorsk.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.