Svar
Kavring i tydinga ‘lusing, øyrefik’ er gammalt nordanfjells og i ein del andre dialektar. Nokre stader tyder ordet òg ‘spitord’ eller ‘sanningsord’. Særleg i bergensk tyder det ‘kjeft’ (å gi kavring).
Ivar Aasen fann varianten varm kavring brukt om øyrefik i Nord-Noreg. Ein sikta vel opphavleg til troten (hevelsen) ein kunne få etter eit slikt slag.
Dersom det er ein samanheng mellom dei to overførte tydingane ‘slag’ og ‘kjeft’, må slag-tydinga vere den primære (jamfør til dømes nasestyvar, som kan vere eit fysisk eller psykisk slag eller begge delar).