Svar
Ifølgje etymologiske ordbøker kan flare ha kome til engelsk frå norsk. Den opphavlege tydinga er å vifta med noko breitt og flatt, men seinare har det fått tydinga ‘å loga opp’.
Å loga opp (som er mykje vanlegare) svarer til å flamme opp på bokmål. Ein loge (med å-uttale) er altså ein flamme.
Substantivet (ei) flare er mindre brukt både i dialektane og i nynorsk skrift enn verbet å flara. Det har nok ingen sjanse som fagterm. (Norske fagfolk har valt termane solbluss og soleksplosjon.) Dersom du ser solflare i faglitteraturen, er det nok meininga at -flare skal lesast på engelsk vis, som i solar flare. Du kan lesa om tilhøvet mellom solstorm, koronamasseutbrot og solar flares i Store norske leksikon.
Nedanfor har vi limt inn det diktet du har lese, og eit utklipp frå Norsk Ordbok.