Hopp til hovedinnhold

Det skulle berre mangle at (ikkje)

Spørsmål

Når vi bruker uttrykket det skulle berre mangle, skal vi da ha med ikkje? Eit eksempel: – Ho har blitt mykje betre i norsk. Ja, det skulle berre mangle at ho (ikkje?) blei betre i norsk (underforstått: ettersom ho har budd her så lenge).


Svar

Her bør du ha med ikkje.

Regelen er den same i bokmål: Det skulle bare mangle at ikke …

Logikken bak uttrykket det skulle berre mangle kan framstillast slik:

1) Det skulle berre mangle at X = Det ville vere ille dersom X

2) Det skulle berre mangle at X ikkje = Det ville vere ille dersom X ikkje

Det komplette (det som er utan mangel) er her noko negativt. Det er ramma.

Døme

Når Arne Garborg i Trætte Mænd skriv

Det skulde bare mangle, at hun er forelsket,

siktar han til at ei forelsking (= X) ville vere ille (men han veit ikkje om dette negative er eit faktum). I dag kunne det fort ha blitt oppfatta motsett (altså «Hurra for forelskinga!», og forelskinga kunne vore eit kjent faktum). Vi kjem tilbake til dette.

Dersom ein set inn ikkje, seier ein at ikkje-X (X-mangel) ville vore ille:

Grunnlova ligg no føre på nynorsk. Det skulle berre mangle at ho ikkje fanst på nynorsk (når vi har to jamstilte målformer her til lands).

Om Grunnlova ikkje fanst på nynorsk, ville det så å seia vera dropen som fylte begeret.

Dømet ditt er ein tilsvarande kritikk av ein tenkt komplett negativ situasjon. Her må nektinga vere med i tillegg til X:

– Ho har blitt mykje betre i norsk. – Ja, det skulle berre mangle at ho ikkje blei betre i norsk (ettersom ho har budd her så lenge).

Nektinga kan falle bort i nyare mål

Ikkje sjeldan ser ein at nektinga blir sløyfa i strid med logikken ovanfor:

Eg fekk mange store sjansar i løpet av kampen, så det skulle eigentleg berre mangla at eg scora tre gonger, seier Flo.
Me er verdas beste reisemål, så då skulle det berre mangla at maten også er i øvste klasse.

Det som er meint her, er at det ville vore rart og kritikkverdig om Flo ikkje scora tre gonger, og om maten ikkje var framifrå. Sjølv om det manglar eit ikkje, vil nok dei fleste forstå tanken bak på grunn av samanhengen.

Brukar ein ikkje i døma ovanfor, forskyv ein gjerne tempus til det hypotetiske «at eg ikkje hadde scora» og «at ikkje maten også var». I dag er det ein sterk tendens til å nytte om i staden for at i denne forskyvinga (jamfør «det hadde vore ille om …). Utviklinga kan ein sjå i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket, her:

Frå «sjølvsagt ikkje» til «sjølvsagt»

Korleis kan nektinga ha forsvunne hos mange språkbrukarar? For det fyrste går den rette meininga ofte fram av samanhengen, anten ikkje er med eller ikkje. Logikken er blitt unødvendig. For det andre kan heile uttrykket (det skulle berre mangle) ha fått ei fast tyding i retning ‘sjølvsagt’. At-setninga er ofte underforstått. Vi kan sjå for oss denne utviklinga:

1) Gammalt: Klart du får lov. Det skulle berre mangle at du ikkje fekk det!

2) Gammalt: Klart du får lov. Det skulle då berre mangle […]!

3) Nytt: Det skulle berre mangle at du får/fekk lov! (= ‘Klart du får lov’). (Òg: om du ikkje fekk)

Det at uttrykket alltid har vore mykje nytta sjølvstendig som i (2), har nok fremja utviklinga mot (3). Men tradisjonelt tyder altså (3) det motsette, nemleg ‘det ville vere urimeleg om du fekk lov’ = ‘sjølvsagt får du ikkje lov’.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.