Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Cherrytomat eller sherrytomat?

Spørsmål

Eg har alltid trudd at det heitte cherrytomatar, etter det engelske cherry tomatoes, som eg reknar med kjem av at dei er på storleik med kirsebær. Men eit nettsøk synte at orda vert nytta om einannan. Hadde det ikkje vore greiare om det beint fram heitte kirsebærtomat?


Svar

Du har rett, det heiter cherrytomat, ikkje sherrytomat.

Kirsebærtomat vart elles nytta ein del i norsk før det vi med ein vri på ein filmtittel kan kalla the attack of the cherry tomatoes. Søk i basen nb.no etter «kirsebærtomater». Det er ikkje mykje som tyder på at desse tomatane kjem att.