Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Bakoversveis

Spørsmål

Kvar kjem uttrykket «å få bakoversveis» frå?


Svar

Det er freistande å seia «frå folkedjupet». Det er tydelegvis særnorsk, i alle fall kjem det ikkje frå dansk eller svensk. Meininga er naturlegvis at noko gjer så sterkt inntrykk at det kjennest som om håret blir blåse bakover.

Sjølve ordet bakoversveis er over åtti år gammalt. Det fyrste skriftlege dømet på «fikk bakoversveis» er frå 1976, men her er ordet nytta heilt bokstavleg. Metaforen kan likevel ikkje vera mykje yngre enn dette. Her er eit døme frå 1981 som handlar om musikkoppleving.

Boka Norsk slang (1984) syner at uttrykket var innarbeidd i talespråket i samtida. Årsaka til bakoversveisen kunne vera alt frå promping til brølande befal. I eit belegg frå 1983 er trompetar involverte, og det er vel ikkje utenkjeleg at trykket frå blåseinstrument kan ha vore inspirasjonskjelda, eventuelt lyd frå høgtalarar.

Fant du det du lette etter?