Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Apostlenes hester på nynorsk?

Spørsmål

Kva skal eg bruke for «apostlenes hester» på nynorsk? «Apostlanes hestar» med genitivs-s er vel ikkje heilt bra?


Svar

Du bør helst gjera som svenskane og skriva det i eitt ord: «apostelhestane» (jf. «apostlahästarna»).

Å kalla føtene apostelhestane o.l. er å bruka ein eldgamal metafor med latinsk opphav (reisa «per pedes apostolorum») og bibelsk grunnlag. Jesus sa jo som kjent «Gå […] og gjer alle folkeslag til læresveinar».

Om du fyrst vil bruka ein genitiv, er «apostlane sine hestar» òg mogleg; det har betre grunnlag i nynorsk enn «apostlanes hestar».

Uttrykket er litt av ein klisjé. Ein heilt annan vri er å «ri tviføtingen», eit ordlag A.O. Vinje (og svært få andre) har brukt i skrift.

Fant du det du lette etter?