Svar
Vi tilrår å bruke verbet tvitre om det å skrive noko på Twitter. Det ein tvitrar, er ei twittermelding eller tvitring.
Twitter i seg sjølv er eit beskytta merkenamn, så her tilrår vi ikkje bruk av enkelt-v. I samansetningar kan ein anten bruke stor forbokstav og bindestrek (Twitter-melding) eller droppe bindestreken og bruke liten forbokstav (twittermelding).
Verbet tvitre kling godt på norsk. Det liknar på vitre, som tyder ‘varsle, gje melding’ samstundes som det minner om kvitre. Faktisk finst det òg belegg for verbet tvitre med tydinga ‘kvitre’ i norske dialektar, sjå Norsk Ordbok.
Sjølve meldinga kan gjerne kallast ei tvitring. Substantivet tvitring er avleidd av verbet tvitre, og skal altså skrivast med enkelt-v.