Svar
Både lærde og ulærde stridest om dette. Det som er sikkert, er at uttrykket vart teke i bruk skriftleg rundt 1970, og at det allereie då vart brukt mest om frekke manøvrar i trafikken, som å ta ein U-sving der det ikkje er tillate.
Søk gjerne sjølv etter «en spansk en» på nb.no.
Mange meiner dette opphavleg er eit sjømannsuttrykk for ein lettvint laste- og lossemetode. I boka Katta i sekken (Gyldendal 2006) skriv Kjell Ivar Vannebo:
Når en skulle laste eller losse på skutene, ble det tatt i bruk taljer av forskjellig slag. Den enkleste form for talje var et enkelt tau gjennom et fast øye. Denne talja ble kalt ‘spanish windlass’ (‘spansk talje’), og dette skal ha gitt opphav til uttrykket ‘en spansk en’ − det var altså den enkleste løsningen.
Det er eit par problem med denne forklaringa: Spanish windlass blir helst brukt om noko heilt anna enn det som er skildra i avsnittet ovanfor (sjå boka Knop, stikk og spleis, 1973), og uttrykket spansk talje er ikkje belagt i norske tekstar i den relevante tydinga før det vart gjort til forklaring på å ta ein spansk ein. (Både spansk talje og spansk takkel er noko meir komplisert enn eit tau gjennom eit fast auga.)
Spanish windlass har vorte omsett med spansk vinde, men heller ikkje det uttrykket har vore mykje brukt. Til forsvar for den maritime forklaringa må det seiast at spanish windlass (spansk vinde) òg er ein enkel mekanisme. Dersom uttrykket har opphav i sjømannsspråk, treng det heller ikkje ha gått vegen om eit norsk uttrykk for spanish windlass.
Andre har tolka uttrykket seksuelt, for det står i Politikens slangordbok (1985) at spansk er dansk prostitusjonssjargong for det å få utløysing mellom brysta på ei kvinne. Men det finst ingen skriftlege spor etter ei slik tyding av det norske uttrykket. Dette motargumentet er ikkje avgjerande, for vi er her inne på eit område med sparsame skriftlege kjelder utanom pornografien, som ikkje er veldig godt representert på nb.no.
For alt vi veit, har uttrykket eit heilt anna opphav. Det er verdt å peika på den gamle nordiske fordomen at ovmodig og vågal åtferd er typisk spansk, jamfør tyding 2.1 og 3 d i Svenska Akademiens ordbok og tyding 2.1 i Ordbog over det danske Sprog.
Sist oppdatert: 27. oktober 2026