Hopp til hovedinnhold

Å gå (rett) vest

Spørsmål

Kvifor seier vi at det går rett vest når noko går gale, altså den vegen høna sparkar?


Svar

To go west har lenge vore nytta i engelsk om å døy (eller å gå sund). Opphavet er truleg den skremmande tanken på å enda der sola går ned attom synsranda.

Dette kan i så fall vera knytt til keltiske førestillingar om dødsriket. Somme kjelder nemner i staden at det er tale om forbrytarspråk for å enda på ein rettarstad i West Midlands i England. Det er uråd for oss å vurdera. Men det kan i alle fall utelukkast at det handlar om Det ville vesten i Amerika, for eit slikt opphav ville ha vore velkjent i den engelskspråklege verda.

Ordlaget skal ha spreidd seg kraftig i engelsk under fyrste verdskrigen. Truleg har det kome inn i norsk gjennom sjømannsspråket. Det må takast med ei klype salt når Tor Myklebost skriv: «Sjøfolk sier aldri om sine bortkomne kamerater at de er ‘døde’. ‘Han gikk vest,’ sier de.» (Nedst på side 61 hos Lise Lindbæk i Tusen norske skip: en antologi over norske sjøfolks innsats i den annen verdenskrig, 1948).

Rett eller beint vest er ei naturleg utviding av vest i norsk, og i reint geografisk tyding er det gammalt.

I gamle dagar heitte det gjerne at noko gjekk nord og ned. Nede i Danmark går prosjekta helst nedenom og hjem, og hjå grannen i aust åt skogen eller åt helvete. Ikkje noko av dette er ukjent i Noreg. Prosjekta våre kan òg gå i vasken eller det som verre er. Saker og ting kan vidare gå ad undas, til dunders, fløyten, skeis og til pises – om det ikkje kort og godt ryk. Menneske går verste fall i hundane. Det spørst om det finst like mange uttrykk for det at det går bra.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.