Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

17 mai eller 17. mai med punktum?

Spørsmål

Eg meiner å hugse at ein tidlegare kunne sløyfe punktum etter talet for dagen i månaden når månaden var skriven med bokstavar. Korleis er regelen no, heiter det berre 17. mai og 24. desember?


Svar

Ja, i dag er det obligatorisk å skrive 17. mai og 24. desember med punktum.

I ein periode var det høve til å sløyfe punktumet i datoar, men i 1998 vedtok Norsk språkråd at punktumet skulle setjast inn att.

Fant du det du lette etter?