Reglar for fylkeskommunar
Her er reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i fylkeskommunale organ.
Her er reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i fylkeskommunale organ.
Skriftleg kommunikasjon kan vere brev, e-post eller chattetenester. Om ein privatperson skriv til eit fylkeskommunalt organ på nynorsk, skal organet svare på nynorsk. Om ein privatperson skriv til eit fylkeskommunalt organ på bokmål, skal organet svare på bokmål.
Når fylkeskommunale organ kommuniserer med ein kommune eller ein annan fylkeskommune, må dei bruke det skriftspråket som den kommunen eller fylkeskommunen har vedteke: anten nynorsk eller bokmål. Kravet gjeld òg når den kommunen eller fylkeskommunen dei skriv til, sjølv ikkje har brukt det vedtekne skriftspråket.
Nokre kommunar og fylkeskommunar er språkleg nøytrale. Da kan fylkeskommunale organ velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen.
Fullstendig oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar
Fylkeskommunale organ kan krevje at statlege organ brukar det skriftspråket som fylkeskommunen har vedteke: anten nynorsk eller bokmål. Sjå språklova paragraf 15 andre leddet.
Fullstendig oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar
Nokre fylkeskommunar er språkleg nøytrale. Da kan statsorgana velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen.
Eit språkvedtak bind ikkje ein fylkeskommune til å bruke det vedtekne skriftspråket i allment tilgjengelege dokument eller i den administrative delen av verksemda. Fylkeskommunen kan sjølv fastsette at eit vedtak om nynorsk eller bokmål òg skal gjelde internt i fylkeskommunen.
«Allment tilgjengelege dokument» er til dømes nettsidetekst, pressemeldingar, stillingslysingar og tekstar i sosiale medium.
Språkleg nøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom bokmål og nynorsk etter reglane i språklova § 13. Fylkeskommunar som har gjort vedtak om anten nynorsk eller bokmål, vel sjølv kva språk dei skal bruke i allment tilgjengelege dokument.
Språkrådet kan rettleie fylkeskommunen i arbeidet med å fastsette ein vekslingsregel.
Fylkeskommunale organ skal sørge for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter språklova. Sjå språklova paragraf 16.
Fylkeskommunane har ansvar for dei vidaregåande skolane. Den administrative verksemda ved vidaregåande skolar pliktar å følge reglane om