Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Språkrådets kompetanseprøver

Språkrådet held kompetanseprøver for språkkonsulentar, både i nynorsk og bokmål. Dei konsulentane som greier prøva, er svært gode korrekturlesarar, språkvaskarar og omsetjarar frå bokmål til nynorsk som Språkrådet kan gå god for.


Kompetanseprøvene vart sist haldne i mars 2022. Det er førebels ikkje fastsett dato for nye prøver, men du kan rekne med at dei blir haldne tidlegast hausten 2024 og seinast hausten 2025.

Bokmålsprøven

Her finner du svar på en del viktige spørsmål om kompetanseprøvene i bokmål.

Spørsmål: Hva er formålet med kompetanseprøvene?

Svar: Språkrådet skal bidra til at statsansatte skriver god norsk, og at statsorganene bruker bokmål og nynorsk i samsvar med språkloven. For å nå disse målene har vi behov for å samarbeide med eksterne språkkonsulenter. Derfor ønsker vi å kvalitetssikre språkkonsulenter som vi kan henvise statsorganene til når de ber om språkfaglige tjenester som Språkrådet ikke har kapasitet til å yte. Slike tjenester kan for eksempel være språkvask av tekster på bokmål og nynorsk og oversettelse fra bokmål til nynorsk.

Spørsmål: Må jeg ha noen spesiell bakgrunn eller utdanning for å ta prøven?

Svar: For å kunne ta prøven må du dokumentere at du har fullført språkvitenskapelige emner (f.eks. grammatikk) på høgskole-/universitetsnivå med et omfang på minst 30 studiepoeng (10 vekttall). Uavhengig av utdanningskravet kan statsautoriserte translatører ta prøvene. Du må ellers ha svært gode kunnskaper i norsk og svært gode evner som språkvasker og korrekturleser. Lista ligger høyt: De som består, skal være språkkonsulenter som Språkrådet kan gå god for og anbefale. I 2016 var det én av ti av bokmålskandidatene og to av ti av nynorskkandidatene som bestod prøven.

Ved å stille et utdanningskrav ønsker vi å sikre at de best kvalifiserte kandidatene får mulighet til å ta prøven.

Spørsmål: Kan jeg melde meg på begge prøvene, både i bokmål og nynorsk?

Svar: Ja, du kan melde deg på begge prøvene. De blir arrangert samme dag, i Oslo, med en times pause mellom prøvene.

Spørsmål: Hva slags form har kompetanseprøven? Kan jeg bruke ordbøker og hjelpemidler?

Svar: Prøven er skriftlig. Ingen hjelpemidler er tillatt, og du kan ikke bruke pc.

Spørsmål: Hva slags oppgaver inneholder prøven?

Svar: Oppgavene er praktisk rettet. Likevel forutsetter de at du har kjennskap til vanlig grammatisk terminologi. Du kan få oppgaver som gjelder rettskriving, tegnsetting og grammatikk, og du vil bli bedt om å korrekturlese og språkvaske enkelteksempler og lengre tekststykker. Språkvask omfatter alt fra retting av ortografiske feil og tegnsettingsfeil til fullstendig omformulering av tunge og kompliserte tekster, selvsagt uten endring av innholdet.

Spørsmål: Hvordan kan jeg forberede meg til prøven?

Svar: Du bør ha lest Finn-Erik Vinjes Skriveregler og ha svært god oversikt over norske rettskrivings- og tegnsettingsregler. Dessuten bør du vite hvordan alle noenlunde vanlige norske ord skrives og bøyes. Det er viktig at du har god ordforståelse og er i stand til å vurdere setningsbygningen i tekster.

Finn-Erik Vinjes Moderne norsk og Språkrådets Godt språk i lærebøker (merk: følger ikke gjeldende rettskrivning) er nyttige kilder. Praktisk erfaring med språkvask, oversettelse og annet språkarbeid er en stor fordel.

Spørsmål: Hvordan blir oppgavene vurdert?

Svar: Prøven er todelt. For å bestå hele prøven må du bestå begge delprøvene. Del 1 er en prøve i formelle skriveregler og ren korrekturlesing. Oppgavene i del 2 går ut på praktisk språkvask og korrekturlesing. Dersom en kandidat får «ikke bestått» på del 1, kommer vi ikke til å vurdere del 2. Vi bedømmer oppgavene etter et poengsystem så langt det går, men i språkvaskoppgavene vil det selvsagt også være snakk om en skjønnsvurdering. Språkvaskoppgavene veier tyngst, og ingen består prøven om ikke disse er gode nok. Vi gir ingen karakter, bare «bestått» eller «ikke bestått».

Spørsmål: Får jeg en attest dersom jeg har bestått prøven?

Svar: Du vil få en attest dersom du har bestått kompetanseprøven. Med denne attesten går Språkrådet god for deg som en høyt kvalifisert språkkonsulent som vi kan anbefale statsorganene å bruke. De som ikke består prøven, blir selvsagt ikke «svartelistet».

Spørsmål: Får jeg noen begrunnelse dersom jeg ikke består?

Svar: De som ikke består prøven, vil få vite hvilken poengsum de fikk, og hva som var høyeste mulige poengsum, men får ingen begrunnelse ut over det.

Spørsmål: Kan jeg klage hvis jeg ikke består?

Svar: Nei, vurderingen er ikke et enkeltvedtak i forvaltningslovens forstand. Vurderingen «bestått» eller «ikke bestått» kan derfor ikke omgjøres eller påklages.

Spørsmål: Kan jeg ta prøven om igjen hvis jeg ikke består?

Svar: Du kan ta prøven om igjen neste gang vi eventuelt holder kompetanseprøver, men du er ikke automatisk sikret plass i neste runde.

Spørsmål: Hvordan blir resultatene kunngjort?

Svar: Kandidatene som har tatt prøven, får skriftlig beskjed om resultatet. Vi legger ikke ut informasjon om prøveresultatene på Språkrådets nettsider.

Spørsmål: Hvor mange oppdrag kan en språkkonsulent som har bestått kompetanseprøven, regne med å få?

Svar: Om du består kompetanseprøven og får attest fra Språkrådet, er det ingen garanti for at du vil få oppdrag fra det offentlige. Det er statlige institusjoner som bestiller språkkonsulentoppdragene. Språkrådet formidler ikke oppdrag. Statsorganer som ber om det, vil få en liste over språkkonsulenter som har bestått prøvene.


Nynorskprøva

Her finn du svar på ein del viktige spørsmål om kompetanseprøva i nynorsk.

Spørsmål: Kva er formålet med kompetanseprøvene?

Svar: Språkrådet skal bidra til at statstilsette skriv god norsk, og at statsorgana bruker bokmål og nynorsk i samsvar med språklova. For å nå desse måla treng vi å samarbeide med eksterne språkkonsulentar. Difor ønskjer vi å kvalitetssikre språkkonsulentar som vi kan vise statsorgana til når dei bed om språkfaglege tenester som Språkrådet ikkje har kapasitet til å yte. Slike tenester kan til dømes vere språkvask av tekstar på bokmål og nynorsk og omsetjing frå bokmål til nynorsk.

Spørsmål: Må eg ha nokon spesiell bakgrunn eller ei særskild utdanning for å ta prøva?

Svar: For kunne ta prøva må du dokumentere at du har fullført språkvitskaplege emne (t.d. grammatikk) på høgskule-/universitetsnivå med eit omfang på minst 30 studiepoeng (10 vekttal). Uavhengig av utdanningskravet kan statsautoriserte translatørar ta prøvene. Du må elles ha svært gode kunnskapar i norsk og svært gode evner som språkvaskar og korrekturlesar. Lista ligg høgt: Dei som greier prøva, skal vere språkkonsulentar som Språkrådet kan gå god for og tilrå. I 2016 var det éin av ti av bokmålskandidatane og to av ti av nynorskkandidatane som greidde prøva.

Ved å stille eit utdanningskrav ønskjer vi å sikre at dei best kvalifiserte kandidatane får høve til å ta prøva.

Spørsmål: Kan eg melde meg på begge prøvene, både i nynorsk og i bokmål?

Svar: Ja, du kan melde deg på begge prøvene. Prøvene blir arrangerte same dagen, i Oslo. Det er ein times pause mellom prøvene.

Spørsmål: Kva form har kompetanseprøva? Kan eg bruke ordbøker og hjelpemiddel?

Svar: Prøva er skriftleg. Ingen hjelpemiddel er tillatne, og du kan ikkje bruke pc.

Spørsmål: Kva slags oppgåver inneheld prøva?

Svar: Oppgåvene er praktisk retta. Likevel føreset dei at du har kjennskap til vanleg grammatisk terminologi. Du kan få oppgåver som gjeld rettskriving, teiknsetjing og grammatikk, og du vil bli beden både om å korrekturlese og språkvaske enkelteksempel og lengre tekststykke. Du kan òg få oppgåver som går ut på å setje ein tekst om frå bokmål til nynorsk. Språkvask omfattar alt frå retting av ortografiske feil og teiknsetjingsfeil til fullstendig omformulering av tunge og kompliserte tekstar, sjølvsagt utan endring av innhaldet.

Spørsmål: Korleis kan eg førebu meg til prøva?

Svar: Du bør ha lese Finn-Erik Vinjes Skrivereglar og ha svært god oversikt over norske rettskrivings- og teiknsetjingsreglar. Dessutan bør du vite korleis alle nokolunde vanlege norske ord blir skrivne og bøygde. Det er viktig at du har god ordforståing og er i stand til å vurdere setningsbygnaden i tekstar.

Finn-Erik Vinjes Moderne norsk og Språkrådets Godt språk i lærebøker (merk: følgjer ikkje gjeldande rettskriving) er nyttige kjelder. Når det gjeld ordtilfanget i administrativ og juridisk nynorsk, kan du ha nytte av Magne Rommetveits Med andre ord, Karl Arne Utgårds Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål–nynorsk og Språkrådets Kort administrativ ordliste. Bokmål–nynorsk.

Utgangspunktet for prøva er gjeldande nynorskrettskriving frå 2012. Her finn du ei oversikt over godkjende skuleordlister med den gjeldande rettskrivingaNynorskordboka på nettet har oppdatert rettskriving i oppslagsord og bøyingar, men ikkje i innhaldet elles. Det har enno ikkje kome noka papirutgåve med gjeldande rettskriving. Innanfor rettskrivinga må ein vere konsekvent i formval, jf. denne rettleiingaInnstillinga frå rettskrivingsnemnda finn du her. Språkrådets brosjyre Ny nynorskrettskriving frå 2012 finn du her.

Elles er praktisk røynsle med språkvask, omsetjing og anna språkarbeid ein stor fordel.

Spørsmål: Korleis blir oppgåvene vurderte?

Svar: Prøva er todelt. For å stå på heile prøva må du stå på begge delprøvene. Del 1 er ei prøve i teiknsetjing, ortografi, formelle skrivereglar og rein korrekturlesing. Oppgåvene i del 2 kan gå ut på praktisk språkvask, korrekturlesing og omsetjing frå bokmål til nynorsk. Dersom ein kandidat får «ikkje greidd» på del 1, kjem vi ikkje til å vurdere del 2. Vi vurderer oppgåvene etter eit poengsystem så langt det går, men i språkvaskoppgåvene vil vi sjølvsagt òg bruke skjøn. Språkvask- og omsetjingsoppgåvene veg tyngst, og ingen greier prøva om ikkje svara på desse er gode nok. Vi gjev ingen karakter, berre «greidd» eller «ikkje greidd».

Spørsmål: Får eg ein attest dersom eg har greidd prøva?

Svar: Du vil få ein attest dersom du har greidd kompetanseprøva. Med denne attesten går Språkrådet god for deg som ein høgt kvalifisert språkkonsulent som vi kan tilrå statsorgana å bruke. Personar som ikkje greier prøva, blir sjølvsagt ikkje «svartelista».

Spørsmål: Får eg noka grunngjeving dersom eg ikkje greier prøva?

Svar: Dei som ikkje greier prøva, vil få vite kva poengsum dei fekk og kva som var den høgaste moglege poengsummen, men dei får ikkje noka anna grunngjeving enn det.

Spørsmål: Kan eg klage dersom eg ikkje greier prøva?

Svar: Nei, vurderinga er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Vurderinga «greidd» eller «ikkje greidd» kan ikkje gjerast om, og du kan ikkje klage.

Spørsmål: Kan eg ta prøva om att dersom eg ikkje greier henne?

Svar: Du kan ta prøva på nytt neste gong vi eventuelt held kompetanseprøver, men du er ikkje automatisk sikra plass i neste runde.

Spørsmål: Korleis blir resultata kunngjorde?

Svar: Kandidatane som har teke prøva, får skriftleg melding om resultatet. Vi legg ikkje ut informasjon om prøveresultata på nettsidene til Språkrådet.

Spørsmål: Kor mange oppdrag kan ein språkkonsulent som har greidd kompetanseprøva, rekne med å få?

Svar: Om du greier kompetanseprøva og får attest frå Språkrådet, er det ikkje nokon garanti for at du får oppdrag frå det offentlege. Det er statlege institusjonar som tingar språkkonsulentoppdraga. Språkrådet formidlar ikkje oppdrag. Statsorgan som bed om det, vil få ei liste over språkkonsulentar som har greidd prøvene.

Fant du det du lette etter?