Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Ordlister og ordbøker til skulebruk


Språkrådet godkjenner ordlister til skulebruk med heimel i opplæringslova § 9-4.

Bokmål

Dette er ordlister og ordbøker for bokmål godkjende til skulebruk etter 1. juli 2005. Ordlistene og ordbøkene følgjer offisiell rettskriving for bokmål.

Digitale ordlister, ordbøker og andre ressursar

Bokmål rettskrivningsordbokOrdnett
BokmålsordbokaSpråkrådet og Universitetet i Bergen (ordbøkene.no)
Den store bokmålsordbokaPer-Erik Kirkeby 2021
Elektroniske basisressursar for bokmålNynodata 2016
Norsk ordbok bokmålCappelen Damm (Moment)
UiB – BokmålsordbokaClarify

Trykte ordlister og ordbøker

Aschehougs ordlister. Bokmål. 11. utg.Aschehoug 2006
Bokmålsordboka. 3. utg.Kunnskapsforlaget 2005
Bokmålsordliste for den videregående skolen. 5. utg.Aschehoug 2005
Bokmålsordliste. Ordbok for skoleverket. 2. utg.Det Norske Samlaget 2005
Escolas ordbok. Bokmål. 6. utg.Escola 2006
Gyldendals bokmålsordliste for barnetrinnet. 2. utg.Gyldendal 2006
Gyldendals bokmålsordliste for den videregående skolen. 3. utg.Gyldendal 2007
Gyldendals bokmålsordliste for ungdomstrinnetGyldendal 2006
Lingua. Bokmålsordliste med skrivereglerKunnskapsforlaget 2009
Norsk ordbok bokmål. 5. utg., 3. oppl.Cappelen Damm 2024
Ordbok for grunnskolen. Med ordforklaringer, synonymer og fulle bøyningsformer. Bokmål. 5. utg.Det Norske Samlaget 2005
Ordliste for barneskolen. Bokmål. 5. utg.Aschehoug 2005
Ordliste for ungdom. Bokmål. 4. utg.Aschehoug 2005
Ordrett. Ordliste for barnetrinnet. Bokmål. 3. utg.Fagbokforlaget 2007
Ordrett. Ordliste for ungdomstrinnet. BokmålFagbokforlaget 2007

Nynorsk

Dette er ordlister for nynorsk godkjende til skulebruk etter 1. august 2012. Ordlistene og ordbøkene følgjer offisiell rettskriving for nynorsk.

Digitale ordlister, ordbøker og andre ressursar

Elektroniske basisressursar for nynorskNynodata 2013
Nynorsk rettskrivingsordbokOrdnett, Gyldendal
NynorskordbokaSpråkrådet og Universitetet i Bergen (ordbøkene.no)
UiB – NynorskordbokaClarify

Trykte ordlister og ordbøker

Lingua Nynorskordliste med skrivereglar. 8. utg.Kunnskapsforlaget 2012
Nynorsk ordliste. 11. utg.Det Norske Samlaget 2012
Ordbok for grunnskulen. Nynorsk. 5. utg.Det Norske Samlaget 2013
Ordrett. Ordliste for barnesteget. Nynorsk. 2. utg.Fagbokforlaget 2013
Ordrett. Ordliste for ungdomssteget. Nynorsk. 3. utg.Fagbokforlaget 2013

Godkjenning av ordlister og ordbøker til skulebruk – retningslinjer

  1. Norskspråklege ordlister og ordbøker til bruk i skulen skal godkjennast av Språkrådet i samsvar med opplæringslova § 9–4.
  2. Godkjenningsordninga for skuleordlister og -ordbøker omfattar både digitale og trykte utgåver.
  3. Utgjevaren skal kontrollere manus mot Norsk ordbank, bokmål eller nynorsk, før innsending, og manuset skal elles leverast i eit format som er avtala mellom Språkrådet og utgjevaren.
  4. Ordlister og ordbøker til skulebruk skal gje fullstendig og nøytral informasjon om valfrie former i rettskrivinga.
  5. Behandlingstid for godkjenning blir avtala mellom Språkrådet og utgjevaren når det blir søkt om godkjenning.
  6. Større revisjon av ei digital eller trykt utgjeving skal sendast til Språkrådet for ny godkjenning.
  7. Fortløpande oppdatering av digitale utgjevingar, etter opphavleg godkjenning, kan skje utan Språkrådets medverknad så lenge godkjende redigeringsprinsipp blir følgde. Digitale utgjevingar skal vere tilgjengelege for Språkrådet for kvalitetskontroll.
  8. Oppdateringar som inneber ei tolking av normeringa av vedkommande målform, skal drøftast med Språkrådet. I slike tilfelle skal Språkrådet ha digital tilgang til oppdatert utgjeving for kontroll.
  9. Dersom det ikkje blir gjort endringar i den godkjende utgjevinga, gjeld godkjenninga til neste (større) rettskrivingsendring.
  10. Utgjevaren må opplyse på lett tilgjengeleg måte om ei ordliste eller ordbok er godkjend av Språkrådet.
  11. Språkrådet og andre sektorar som har ansvar for å informere om godkjende hjelpemiddel til eksamen og heildagsprøver, skal opplyse om godkjende ordbøker og ordlister på nettsidene sine.

Vedteke 16. april 2020

Fant du det du lette etter?