Hjelp, det er skule og jobb igjen!
Ferien er ubønhøyrleg over. Har tankeverksemda gått på låggir og språkføringa vorte ferieslapp i sommar? Vi kan hjelpe deg med å kome i gang og kanskje få eit lite forsprang.
Å skrive Facebook-oppdateringar frå stranda og postkort til bestemor frå ein fortauskafé på storbyferie i juli er noko ganske anna enn å svare på e-post frå ein viktig samarbeidspartnar eller skrive svarbrev som saksbehandlar i august. Når du set deg på kontorstolen, oppdagar du kanskje at klarspråksprinsippa som stod så klart for deg i vår, har bleikna i sommarsola, og at rettskrivingskunnskapane dine har hamna i skuggen. Her får du ei samling verktøy som hjelper deg i gang ved tastaturet etter sommaren.
Det mest generelle og praktiske verktøyet vi har å by på, er Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Her finn du fasit på kva som er offisiell rettskriving i Noreg. Du kan lese om kva ord tyder, korleis dei skal stavast og bøyast, og litt om kvar dei kjem frå.
Treng nynorsken din ei real oppfrisking? Da kan du prøve nettkursa våre.
- Oi, på nynorsk! – eit kurs som gjer deg til ein tryggare nynorskbrukar i arbeidskvardagen.
- Nynorsk øvingsrom – oppgåver i nynorsk grammatikk og rettskriving.
Arbeider du med fagspråk og terminologi? Da kan du ta e-læringskurset vårt.
- Begrip begrepene! – eit grunnkurs i omgreps- og terminologiarbeid.
Har du ansvar for stadnamnsaker i kommunen? Vi har eit kurs til deg også!
- Vegen til stadnamnet – eit kurs i stadnamnarbeid og stadnamnlova.
Klarspråk er i vinden som aldri før. Kanskje på tide å finne ut litt meir om kva det er?
- Den gylne pennen – eit nettkurs i klarspråk.
- Klarspråk – her finn du alt.
Jobbar du i ein fylkeskommune eller kommune? Ting eit gratis lynkurs om språklova!
- Lynkurs om språklova
- Språklova – her finn du alt.
Har du eit språkspørsmål? Det er stor sjanse for at nokon har spurt om det same.
Elles kan vi by på språkleg rettleiing innanfor ei rekkje tema på nettsidene våre:
- Rettskriving og grammatikk
- Praktisk språkbruk
- Offisiell rettskriving
- Nynorskhjelp
- Fagspråk, terminologi og begrepsarbeid
Du kan òg abonnere på eit av nyheitsbreva våre:
Lykke til med jobb og skule i haust!