Hopp til hovedinnhold

Verdens tak på nynorsk

Spørsmål

Korleis skal ein seia verdens tak på nynorsk? Eg tenkjer på den nemninga som blir nytta om Himalaya eller delar av Himalaya, eventuelt om Pamir.


Svar

Ein kan bruka verdstaket og kanskje (fjell)taket over verda. Men særleg i poetisk stil kan verdsens tak vera best.

Verdas tak er ikkje umogleg, men det finst framleis mange nynorskbrukarar som tykkjer -s på a-former er umusikalsk.

Sidan dei to førstnemnde uttrykka ikkje er innarbeidde klisjear, må ein syta for at det er nok kontekst til at dei blir forstått.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.