Hopp til hovedinnhold

Unntatt offentlighet på nynorsk?

Spørsmål

Kva heiter unntatt offentlighet eller unntatt offentligheten på nynorsk?


Svar

Du kan mellom anna skrive unnateke frå offentleg innsyn.

Bokmålsordet offentlighet kan delast i tre:

1 ålmenta/allmenta (= bokmål allmennheten), folk flest, publikum
2 omtale, publisitet
3 offentleg innsyn (dvs. innsyn for ålmenta)

Slik er det òg inndelt i boka Med andre ord av Magne Rommetveit. Under 3 der finn vi «unntatt offentlighet»:

dokumenter som er unntatt offentlighet: dokument som offentleg innsyn ikkje gjeld for / som ålmenta ikkje får høve til å sjå

unntatt fra offentlighet er privat korrespondanse: (rett til) offentleg innsyn gjeld ikkje private brev.

Det kunne vore nok med

ikkje for ålmenta
ikkje (til) ålment innsyn
ikkje offentleg innsynsrett
ikkje offentleg

Det vanlegaste er likevel

unnateke offentleg innsyn, ofte forenkla til unnateke innsyn og forkorta til u.off.

Det bør helst heite unnateke frå offentleg innsyn. Unnateke(n) er jamstilt med unntatt i rettskrivinga.

Å unnta noe fra offentlighet er å gjere unntak frå innsyn for noko, men det kan av og til omsetjast med å halde noko utanom offentleg innsyn.

Offentlighetsprinsippet kan kallast innsynsprinsippet, men offentlegprinsippet og offentlegheitsprinsippet er òg i bruk.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.