Hopp til hovedinnhold

Timing

Spørsmål

Har de eit norsk alternativ til det engelske ordet timing?


Svar

Det finst ikkje noko innarbeidd ord som dekkjer alle bruksmåtar av timing. Difor er timing teke inn i norsk, til og med i den norvagiserte forma taiming (jf. svensk tajming).

Legg merke til kor omstendeleg ordet er forklart i norske ordbøker, som t.d. naob.no:

beregne, fastsette tidspunkt for noe i forhold til noe annet som det er avhengig av, blir påvirket av e.l.

Det seier litt om kor vanskeleg det er å finna ein fast avløysar til timing.

I ei synonymordbok (Magne Rommetveits Med andre ord) er det sett opp tre tydingar av å tima /taima/:

1) fastsetja (setja opp, velja) tids\skjema (-punkt, -ramme, -tabell) for. Jf. beregne (1) // t. programmet fastsetja tidsskjema (kalkulera el. måla tidslengd, velja det rette tidspunktet) for. Jf. beramme

2) tilmåta (avpassa, samordna) i tid; synkronisera // turneen var godt t.et følgde (vart gjennomført etter) den oppsette (tids)planen / var godt planlagd / alt klaffa […] // t. klokkene stilla klokkene likt / synkronisera

3) ta tida (med tidtakar, stoppeklokke) // programmet må t.s før det sendes må klokkast (ein må ta tida på programmet) før det blir sendt […] // Koss ble t.et på 6.49.11 vart klokka av på (fekk tida) 6.49.11

Uttrykka ovanfor er best der dei er dekkjande. Det er ingen grunn til å skifta ut godt berekna/planlagt eller alt klaffa med (det var) godt tima når det går fram av samanhengen at det handlar om berekning av tid.

Stutt sagt: Gode ord i rett tid er betre norsk enn til dømes vel talt og godt tima. Men der vi elles treng lange omskrivingar, må det vera greitt å ty til tima og timing.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.