Hopp til hovedinnhold

Tenkje koffert

Spørsmål

Kva er opphavet til uttrykket «å tenkje koffert»? Eg siktar til det å tolke vanlege ord og setningar på ein seksuell måte.


Svar

Vi kan ikkje svare sikkert på det. Den mest rimelege teorien er den som Tone Tryti gjev att i boka Norsk slang:

Flere bilder brukt om kvinner står det freudianske drømmesymbolspråket nær, idet de betegner gjenstander man kan putte noe i, som tine, taske, dåse, skrin og skreppe. Beslektet er vel uttrykket å tenke koffert, som vil si å tolke ethvert tvetydig utsagn i retning av det seksuelle.

Koffert er altså ein godt kamuflert metafor for det kvinnelege kjønnsorganet.

Uttrykket tenkje koffert har vore i bruk sidan midten av 1950-åra eller før, iallfall i Oslo, men vart ikkje vanleg i skrift før uti 1980-åra.

Tillegg: Ein anonym svarar fortel at han eller ho høyrde det før krigen. Ta gjerne kontakt og fortel meir.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.