Hopp til hovedinnhold

Task force

Spørsmål

Kva kan vi kalle task force på norsk?


Svar

Ein task force blir gjerne kalla arbeidsgruppe eller ekspertgruppe på norsk. I militær samanheng kan det ifølgje ordbøkene vere tale om m.a. spesialtropp, operasjonsstyrke, operasjonsgruppe og stridsgruppe, men ord som innsatsstyrke, utrykningsstyrke og innsatsgruppe har òg vore nytta.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.