Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Spillvarme og liknande på nynorsk

Spørsmål

Kva heiter spillvarme på nynorsk? Eg ser at somme skriv spel-.


Svar

Det heiter beint fram spillvarme, nett som det heiter spillolje og spillvatn.

Det handlar om slikt som går til spille, jamfør uttrykket gråte over spilt mjølk.

Spilling har altså ingenting med speling å gjere (bortsett frå at ein spiller pengar når ein spelar dei bort).

Fant du det du lette etter?