Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Somtid og allveg = sometimes and always

Spørsmål

I ei bok som heiter Trønderkveld (1946), har eg komme over to tidsuttrykk som ikkje står i Bokmålsordboka eller Nynorskordboka: sumtid og allveg. Har dei noko med det engelske sometime(s) og always å gjere?


Svar

Ja, for så vidt som vi her har parallelle samansetningar i norsk og engelsk.

Sumtid ‘av og til’ står i Nynorskordboka under somtid, og i Norsk Ordbok under sumtid. Saman med somme tider har ordet til nyleg vore utbreidd over heile landet. Det er lite av det i nyare bokmål og faktisk meir i dansk. Der heiter det gjerne sommetider, men på norsk bør det skrivast somtid eller somme tider.

Allveg (òg uttalt allvei) har i nyare tid hatt eit mindre utbreiingsområde: Romsdal, Nordmøre og Sør-Trøndelag. Slik har det nok ikkje «allveg» vore. Ordet står i Norsk Ordbok.

Fant du det du lette etter?