Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Sablere

Spørsmål

Det er mange som bruker ordet sablere om å kappe hovudet av ei flaske sjampanje. Er det rett?


Svar

Verbet sablere står ikkje i ordbøkene enno, men det er ikkje gale å bruke det.

Nettsøk syner at bruken av ordet har auka etter 2010. Det eldste dømet vi finn, er frå Dagbladet 29.12.95 (sjå utklipp nedanfor), og her går det fram at både fenomenet og ordet er nytt i Noreg.

Slår ein opp verbet sable i ordbøkene, finn ein ikkje tydinga ‘kappe tuten av flaske’. Verbet sablere er klårt meir etablert i denne tydinga. Det står ikkje i ordbøkene, men det er brukt ein god del i avisene mellom 2000 og 2020.

fransk skil ein mellom sabler (å feire med sjampanje) og sabrer, som er å opne ei flaske med sabel. NAOB har med sabrere med -r- i den relevante tydinga, men grunnlaget for det ordet i norsk skriftkultur er nærmast null – i heile kjeldetilfanget til Nasjonalbiblioteket (nb.no) er det vanskeleg å finne meir enn tre–fire døme frå før 2022.

Sabel heiter sabre på fransk, så det å skrive sablere på norsk er parallelt med å skrive sabrer på fransk. Det er ingen avgjerande grunn til at ord for sabelbruk ikkje skal ta utgangspunkt i det eksisterande ordet sabel på norsk. Om fagmiljøet likevel ynskjer å satse på r-varianten (som nokre av dei ferske døma kan tyde på), står dei fritt til det, men l-varianten har altså best feste frå før og ikkje minst best sjanse til å bli forstått av folk flest.

Fant du det du lette etter?