Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Prosent p.a.

Spørsmål

Etter mange år som banktilsett ser eg at bankar og finansinstitusjonar ikkje lenger er så nøye med å setje p.a. (altså ‘per anno’) etter rentesatsen på innskot eller lån. I prislister og i tilsegnsbrev står det til dømes: «Rentesats f.t. 3,75 %.» Ein kan kome til å tru at renta er 3,75 % av lånesummen uavhengig av nedbetalingstida.


Svar

Kor stort problem upresist fagspråk er i dagleglivet, varierer frå sak til sak, og av og til er det ubetydeleg. Vi trur nok folk flest veit kva 3,75 % rente inneber, men det hjelper jo lite dersom det finst eit mindretal som mistyder og kanskje hamnar i eit uføre. Så ingenting er betre enn om ein spanderer «p.a.» eller beint fram «årleg» etter rentesatsen i dei viktigaste samanhengane.

Banktilsette, som du, kan nok betre enn Språkrådet vurdera kor viktig det er å vera nøyaktig på dette punktet.

Fant du det du lette etter?