Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Peer review

Spørsmål

I vårt fagmiljø snakkar vi ofte om peer reviews. Er fagfellevurdering eit godt avløysarord for dette?


Svar

Ja, fagfellevurdering er eit godt ord for peer review.

Vi tilrår fagfellevurdering for den engelske termen peer review. Orda viser til ein prosess der vitskaplege arbeid blir vurderte av ekspertar på fagområdet. Det engelske ordet peer kan omsetjast med fagfelle i denne samanhengen. Orda fagfelle og fagfellevurdering er tekne i bruk i mange akademiske miljø. Du finn dei òg i Termportalen.

Ordet kollegavurdering kan reserverast for noko meir allment.

Les meir om dette og nærskylde omgrep i Språknytt. Sjå òg lista «På godt norsk – avløserord».

Fant du det du lette etter?