Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Medmenneskelighet på nynorsk

Spørsmål

Kva er det nynorske ordet for «medmenneskelighet»?


Svar

Tradisjonelt har ein brukt medmenneskelegdom, som du òg finn i ordbøkene. Medmenneskelegheit har vorte vanlegare med tida og kan ikkje kallast gale.

Begge desse orda er svært abstrakte og kan verka noko oppstylta på nynorsk. Uttrykk som medmenneskeleg veremåte og medmenneskeleg innstilling kan ofte høva i staden. Av og til kan ein bruka nærsynonym som medkjensle og nestekjærleik.

Å vise medmenneskelighet kan òg beint fram heita å vera medmenneske (eller eit godt medmenneske).

Fant du det du lette etter?