Hopp til hovedinnhold

Kvifor på tuppa?

Spørsmål

Kvifor heiter det å vera på tuppa om å vera nervøs eller overivrig? Heng det saman med det engelske on the edge?


Svar

Tuppa er ei austlandsform for tuppane. Om ein sterkt framoverlent skihoppar heiter det at han eller ho ligg på tuppa(ne). Det kan vera opphavet. Men uttrykket kan òg ha ein fot i skeisesporten.

Hopp

I hoppsporten diskuterte ein for hundre år sidan om «tuppa opp» (= hopp med (oftast) rak kropp) eller «tuppa ned» (= hopp med knekk i hoftene) var den beste stilen. Å liggja på tuppane (eller skia) krev at tuppane peikar opp.

(Bærum, en bygds historie, II, 1924)

Skeiser

Ein kan òg koma på tuppa når ein går på skeiser. Det er ikkje alltid av det gode:

(Aftenposten 15.2.1927)

(Dag Fornæss, 1969)

Overført

Så seint som i slangordboka til Ulf Gleditsch (1952) tyder på tuppa berre å «stå forover». Fyrste gongen vi finn uttrykket i overført tyding i skrift, i 1973, tyder det ‘ivrig’. Så ballar det på seg med ulike nyansar utetter i syttiåra.

Skihopparar som ligg på tuppane, er rett nok alt anna enn nervøse typar, men ein kan lett sjå føre seg ei tydingsgliding via ‘(over)ivrig’.

Nokon samanheng med det engelske uttrykket on the edge finst nok ikkje, men ein viss likskap er der jo, for kantar og tuppar er knytte til uro, venteleg i dei fleste språk.

Vi har òg ordlaget å vera på tuppane etter noko eller nokon ‘vill etter’, og der er samanhengen klårare. Ein er mildt sagt frampå. Det trengst ikkje meir enn skotuppar for å te seg på denne måten.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.