Hopp til hovedinnhold

Kompromiss: uttale

Spørsmål

Korleis skal ordet kompromiss uttalast?


Svar

Den vanlege uttalen er bokstavrett, altså med /-miss/ til slutt, og vi tilrår den i begge målformer.

Denne uttalen er den einaste som er oppført i:

Norsk uttale-ordbok 1925 (Ivar Alnæs)
Norsk uttaleordbok 1969 (Bjarne Berulfsen)
Norsk uttaleordbok 1985 (Arne Vanvik)

Norsk Riksmålsordbok 1937−1957
Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner 1998
Bokmålsordboka 2005
Tanums store rettskrivningsordbok 2015

Alle viktige ordbøker er altså samstemte om at kompromiss skal uttalast slik som det blir stava. Vi er difor kompromisslause (det vil seia utan /kompromi/) på dette punktet!

Den bokstavrette uttalen vart tilrådd av Norsk språkråd (årsmelding 2001, side 60). Det same gjeld ordet suksess, men merk at uttalen /syksé/ i motsetnad til /kompromi/ har hatt sterkt grunnlag i vanleg talemål.

Avvik

Både før og no har somme sagt /kompromi/. Variasjonen kjem nok delvis av at ordet er blitt lånt inn i fleire omgangar, kanskje via ulike språk. Elles har både mekanisk skriftuttale gjort seg gjeldande på den eine sida og ønsket om å snakke med fransk klang på den andre.

Vi har forresten ikkje registrert uttalen /kompromilaus/ eller /kompromiløs/.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.