Hopp til hovedinnhold

Kan dyr vera gravide og sjenerte?

Spørsmål

I eit fjernsynsprogram for born vart ein hund omtalt som gravid og ein annan som sjenert. Det var løye å høyra. Er det rett ordbruk?


Svar

Det er terminologisk tvilsamt og eit kraftig tradisjonsbrot å snakka om gravide dyr. Fagtermen er drektig. Både graviditet og sjenanse har stort sett vore reservert for menneske.

Direkte omsetjing frå engelsk fremjar einsrettinga. Shy er både blyg (sjenert) og sky. Pregnant er både gravid og drektig.

Å kalla dyr gravide eller sjenerte kan vera eit døme på menneskeleggjering av dyr, men oftast er det nok berre uttrykk for manglande kjennskap til nyansar i ordtilanget.

Meir om «graviditet»

Veterinærane har alltid snakka om drektige dyr, og bøndene gjer det same. Men bøndene har òg brukt heilt andre ord som har lengre fartstid i norsk, mellom anna tidd og bær. Merk: Begge orda blir brukte litt annleis enn drektig. Drektigheita er underforstått i uttrykk som kua er bær i januar eller kua er vårbær. Det å bli drektig kan òg heita å ta seg. Kalvtung og føltung er ord for ku og merr som er langt på veg.

Meir om «sjenanse»

På bokmål seier ein (folke)sky om alle slags dyr og folk, som i dansk, og det har vorte vanleg i nynorsk òg. I tradisjonell nynorsk og mange bygdemål har det heller heitt skygg eller skjerr.

Døme frå diktet «Vandring» av austlendingen Halldis Moren Vesaas:

Døme frå romanen Mot stupe av vestlendingen Ragnvald Vaage:

Det motsette av skjerr er spak. Ville dyr er òg vare og vake.

Elles kan både menneske og dyr vera lite lagkjære utan å vera direkte skjerre eller sjenerte.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.