Hopp til hovedinnhold

Innvilge på nynorsk?

Spørsmål

Kan vi bruke ordet innvilge på nynorsk, til dømes i setninga «søknaden din om permisjon er innvilga»? Eg finnn ikkje ordet i ordboka. Skal vi bruke ordet «innfri» i staden for, eller har ordet ei litt anna tyding? Kva med «søknaden er imøtekomen» eller «søknaden er stetta»?


Svar

Innvilge står i Nynorskordboka og kan brukast, men det er ikkje det det heiter tradisjonelt. Stette er god tradisjonell språkbruk. Eit av døma i Nynorskordboka ser slik ut: «Departementet stetta søknaden.»

For dei som er mest opptekne av formalitetar, og for dei som er einsidig mot bruk av såkalla anbehetelse-ord, er bevilge (løyve) eit ringare ord enn innvilge (stette) i nynorsk. Men i eit vidare perspektiv er dei to orda av same slag: gamle forvaltningsord frå skriftfellesskapet med dansk som det finst alternativ til.

Av nærsynonym til innvilge kan desse nemnast: godkjenne, godta, seie ja til, samtykkje til, gå med på; gje, la få, yte.

Ein kan gjerne velje det enklaste som høver i samanhengen. Døme: «Du har fått den permisjonen du søkte om.» Men ein kan ikkje kombinere kva som helst. Du bør ikkje skrive «innfri søknaden». Innfri har eit anna bruksområde (lovnader og lån). Imøtekome skurrar òg her.

Av synonyma til innvilge kjem stette i ei særstilling. Det er eit svært fleksibelt ord som er teke opp i skriftmålet frå dialektar på Aust- og Vestlandet; det har følgt med nynorsken heilt frå starten. Det dekkjer òg oppfylle og tilfredsstille. Ein kan såleis stette både krav, ideal, behov og søknader. Sjå tyding 2 a og b i Norsk Ordbok. Merk at ein ikkje bruker stette om det som blir gitt; ein kan altså stette ein søknad, men ikkje ein permisjon, eit fritak eller ein stønad. Ein stønad blir gitt/ytt/tildelt, og ein permisjon eller eit fritak er noko ein får (godkjent). Der samanhengen krev omstendelege formuleringar som «få/seie ja til tildeling av», kan det vere grunn til å ty til innvilge i staden.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.