Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Innbyggjarar på Pitcairn

Spørsmål

Finst det eit ord for folk frå Pitcairnøyane? Og kva heiter språket der på norsk? (Det heiter /pitkern/ lokalt.)


Svar

Noko vedtak om folk og språk på Pitcairn er ikkje gjort, men her er skrivemåtar som er i samsvar med tidlegare praksis i liknande tilfelle:

Innbyggjar:

  • en pitcairner eller en pitkairner (bokmål)
  • ein pitcairnar eller ein pitkairnar (nynorsk)

Språk:

  • pitcairn eller pitkairn

Fant du det du lette etter?